Fürstenberg-huset
“Skomakaren går alltid dårlegast skodde”
Tydinga er at den som lagar eller leverer noko til andre, ofte forsømer seg sjølv i same sak – ein lege som ikkje passar på si eiga helse, ein reinhaldskonsulent med rotete heim, eller ein interiørdesignar som enno ikkje har fått oppdatert si eiga stove… 😄
Korleis stova i det “nye” huset på garden såg ut i starten.
Familien min og eg bur på eit gardsbruk som har vert i min familie sia 1734. Huset vi bur i vart ferdigstilt i 1986. Sia huset vart bygd har det ikkje blitt vedlikehaldt, eller bygd heilt ferdig. Overetasjen og kjellaren var uinnreda og har ikkje blitt rørt sia då huset vart bygd. Det er eit stort potensial, men mykje arbeid som gjenstår før huset vi bur i blir det som vi veit det kan bli.
Området rundt huset og garden ellers har heller ikkje blitt gjort noko særleg med - litt beitepussing i ny og ne. Vi har gjort litt utandørs sia vi flytta hit for snart 5 år sia. Hatt nokre dyr som har beita i utmarka og jobba med jorda, bygd eit drivhus og hatt ein sesong med poteter - som er dei beste potetene vi har smakt.
Lang historie kort er det ein lang veg å gå før huset vårt er ferdig oppussa. Det blir ein totalrenovering, utvendig og innvendig. Eg kjem til å dele her undervegs av kva vi har gjort og kjem til å gjere, og det vi helde på med akkurat no.
Beste helsing,
Julie Fürstenberg